Kulturminne Desember: Dikterstova etter Knut Hamsun

Månadens kulturminne i desember er dikterstova til Knut Hamsun på Nørholm.

Dikterstova 1927, foto: A.B. Wilse

Knut Hamsun sitt Nørholm ved Grimstad er eit kulturminne av nasjonal verdi, og dikterstova er i denne samanhengen sjølve utgangspunktet for Hamsun sitt forfattarskap. Det var her han søkte arbeidsro og fordjuping i dei seiste 25 åra av forfattarskapet.

Knut Hamsun ved arbeidsbordet i dikterstova i 1929. Foto: A. B. Wilse

Nørholm i Grimstad, er den største gårdseigedomen i området og har frå gamalt av vore ein av dei mest kjende gardane på Agder, nemd allereie av Peder Claussøn Friis i «Norriges Beschriffuelse» (1632). Nørholm var adeleg setegard, som bl.a. tilhøyrde Pros Lauritzen Hørbye, lensherre i Nedenes 1565-71. Setegardsprivilegiet fall bort i 1680, og etter at eigedomen frå 1807 til 1918 hadde høyrt til Ellefsen- familien, kjøpte Knut Hamsun Nørholm i 1918. Frå den sjølvopplevde gjennombrotsromanen Sult som kom ut i 1890, innbrakte forfattarskapet han nå betydelege inntekter, og deretter tilstrekkelege midlar til å kjøpe ein gard av denne storleiken. Han hadde året før gjeve ut «Markens Grøde», som han i 1920 mottok Nobelprisen i litteratur for.

Nørholm var på dette tidspunktet sterkt vanskjøtta. Knut Hamsun (1859-1952) gjekk med stor energi i gong med å få jordvegen i hevd, og ved myrdyrking utvida han det dyrka arealet frå 100 til ca. 150 mål. Det vart bygd vegar og planta i skogen, som var på ca. 2.000 mål. Gardsbestyrarbustad vart oppført i 1920, store nye uthus vart bygd i 1921, og den gamle hovedbygningen frå ca. 1800 blei gjennomgripande sett i stand og deriblant utvida i to etappar, seiste gong rundt 1930. Nobelprismidlane vart i si heilheit nytta på garden og bebyggelsen.

For å få arbeidsro vekk frå hushaldninga og familien sitt daglegliv flytta Hamsun i 1925 ei gamal husmannsstove ned frå utmarka og omgjorde denne til bibliotek og «dikterstue» med utsikt mot Nørholmtjernet.

Dikterstova i dag

Dikterstova i 2014, foto: Stiftelsen Nørholm

Dikterstova står den dag i dag svært autentisk tilbake, akkurat som Knut Hamsun ei gong forlot bygningen. Skrivepulten og boksamlinga mm. vitner om mange store tankar og svunnen tid. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor han valde å verte inspirert av den flotte utsikten ned til Nørholmtjernet.

Etter mange år der dikterstova stod uten bruk og lite vedlikehald, vart det i juli 2015 bevilga straksmidlar frå Riksantikvaren til å berge bygningen. Det vart samtidig sett i gong eit prosjekt for å berge boksamlinga i regi av Ellinor Hamsuns Legat til Nørholms bevaring. Mugg og fuktskader hadde gjennom mange år satt sitt preg på denne. Prosjektet pågår den dag i dag, men skal snart vere ferdig. Ved hjelp av klimaanlegg og brannsikring vil forhåpentligvis både bygningen og boksamlinga vere sikra for lang tid. 

Skrivepulten etter Knut Hamsun i 2014

Samanliknar ein med biletet litt ovanfor så ser ein at mykje liknar på den gong dikterstova var i bruk. Endåtil bordlampa ser ut til å vere den same. Foto: Stiftelsen Nørholm

Eigedomen tilhøyrer i dag fortsatt familien Hamsun. Ellinor Hamsuns Legat til Nørholms bevaring blei etablera i 1989 ved arvemidlar frå Knut Hamsuns datter Ellinor (1915-1987). Renteinntekter frå Legatets formue, samt royaltyinntekter frå Knut Hamsun sine verk er sidan 1989 nytta til ei gjennomgåande sikring og istandsetting av bygningar på garden såvel i eksteriør som interiør, vedlikehold av hagen, og utarbeiding av skjøtselsplan for skogen.

Nørholm er i dag i det vesentlege tilbakeført til den stand staden var i før 1940. I 1995 vart Stiftelsen Nørholm oppretta, ved gavebrev frå dåverande eigar Victoria Hamsun. Stiftelsen sine eigedelar omfattar møblar, inventar, bøker, lausøre osv. i hovudbygningen og dikterstova, og sikrar at dette vert bevart og vert verande på Nørholm. Stiftelsen har òg forkjøpsrett til eigedomen dersom familien Hamsun vel å avhende Nørholm.

Legatet sitt styre er òg styre for Stiftelsen.

 

Takk til Stiftelsen Nørholm / Ellinor Hamsuns Legat til Nørholms bevarelse for bruk av tekst og foto.