Avdeling Hornnes

Avdeling Hornnes er ei tradisjonsrik, nytenkande og faglig sterk utdanningsavdeling, med tilbod innan både studiespesialisering og yrkesfag.

Avdelinga ligg i Evje og Hornnes kommune om lag 6 mil nord for Kristiansand. Saman med elevheimen er skulen med på å skape eit aktivt miljø innan friluftsliv, idrett og kultur. Skulen har rundt 200 elevar og derfor blir lærarane og elevane godt kjende med kvarandre gjennom skuleåret. Dette samarbeidet er ein stor styrke for det gode tilbodet – både sosialt og fagleg. Sjølve skulen ber preg av rike og faglege tradisjonar.