Foreldremøte

onsdag 10. oktober 17.00-19.15

INVITASJON TIL FORELDREMØTE

 

Vi inviterer med dette til foreldremøte for Vg1 og Vg2 på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes onsdag 10. oktober 2018. På grunn av arbeid i Fånefjellstunellen heile september har vi utsatt foreldremøtet til etter haustferien.

 

Program for kvelden:

Felles i kantina på elevheimen:

Kl. 17.00 – 17.45:

Informasjon om skulen, planverket og foreldresamarbeid.

Informasjon frå politiet og helsesøster

 

Kaffi og ein matbit undervegs.

 

I klasseromet:

Kl. 17.45 – 19.15:

Klasseforeldremøte. Kontaktlærere presenterer seg sjølv og programområdet.

Informasjon om fellesfag, programfag, utplassering for yrkesfag, arbeidsplanar, prøveplanar, Fronter, ordensreglar, klasseromsreglar og sosialpedagogisk arbeid i klassen.