Rådgivere

Kontaktlærarane og faglærarane er dei næraste til å hjelpe deg i kvardagen med skulegangen din. Avdelingane har også sine eigne rådgjevarar med spesielle oppgåver.

Rådgjevarene

 

Marianne Mikkelsen avd. Hornnes(Spes. ped. koordinator/rådgjevar)
Tlf 90 69 48 89
Send e-post

Trond Haugom, avd Hornnes
Tlf 90 99 52 92
Send e-post

Marit Haugen, avd. Valle
Tlf 94506952
Send e-post

Berit Follerås, avd. Hovden.
Tlf 94 50 69 73
Send e-post

Rådgjevaren skal bl.a.:

  • gje elevar rettleiing og råd om val av studieretningar og fag.
  • gje yrkes-og studieorientering og gje råd i val av vidare studiar/skulegang.
  • prøve å hjelpe elevar som måtte ha personlege og sosiale vanskar som kan ha innverknad på skulearbeidet.
  • hjelpe til/formidle søknader om lån/stipend.
  • ta seg av søknader om fri skuleskyss.

Rådgjevaren skal og freiste å førebyggje problem i skulen, og vil prøve å hjelpe elevar og føresette med vanskar som måtte oppstå.

Som døme på dette kan nemnast:

  • Funksjonshemmingar av ulike slag.
  • Lese- og skrivevanskar.
  • Språk- og talevanskar.
  • Mistrivsel.
  • Psykiske problem.
  • Alkohol og stoffproblem.
  • Tvil om kva skule eller arbeid du skal velje.

Rådgjevaren kan og formidle kontakt med:

  • Pedagogisk/psykologisk rådgjevarteneste som er oppretta for å hjelpa eleven.
  • Helsetenesta som er knytta til skulen.
  • Sosial-og trygdekontoret.
  • Arbeidsformidlinga.

Rådgjevaren har kontor i 1.etg. der det vil bli sett opp timeplan over treffetider.

Statens lånekasse for utdanning

Kontorpersonalet eller rådgjevar hjelper deg med å vidaresende søknaden din til Lånekassa.

Bur du borte frå heimen får du eit minimumsstipend  per månad.

Det tek ca 3-4 veker for ein vanleg søknad frå du sender søknaden til du får utbetaling av stipendet/lånet. Du får utbetaling av stipendet til din konto den 15. i kvar månad.

Hugs å oppgje kontonummer på søknaden.

Det tek 7-8 veker dersom det er ein søknad som må vurderast særskilt.         

Søknaden må leverast anten på VIGO, hos rådgjevar eller hos på kontoret.