Elevheimen, avdeling Hornnes

Jakob Haugaa

Elevheimen er skulen sitt internat, og ligg i tett tilknyting til skulen på avdeling Hornnes. Elevheimen byr på et sosialt miljø. Elevane har blant anna eigne treningstider i Otrahallen til fotball, volleyball etc. Alle rom har eigen vask. Kvar avdeling/fløy inneheld 6 hyblar som deler dusj, toalett og kjøkken. Kjøkkena inneheld servise, gryter/panner, bestikk og kjøkenreiskap. Hyblane har tilgang på internett og kvar etasje har ei felles stove som elevane kan nytte. Felles vaskerom og sykkelbod er lokalisert i kjellaren på bygget. Det finns også eit eige opphaldsrom med biljard og bordtennis. Elevane er sjølve ansvarlege for reinhald av sine rom.

 

Internatvakt

Det er alltid til stade nattevakt frå 22.00-07.00 mån, tys, ons, tors og søn.

I tillegg er ettermiddags-/kveldsvakter tilgjengeleg anten fysisk eller per telefon i veka og i helg. Telefonliste til vakter blir hengt opp lett tilgjengeleg for elevane ved vaktrommet i 1.etg.

I starten av kvart skuleår blir det også oppretta ei Facebook side for felles beskjedar, informasjon, og ein kan kommunisere med vaktene og andre elevar der.

 

Husordensreglar

Husordensreglane som gjeld finn du her. Det er viktig at du set deg inn i desse før innflytting.

 

Korleis søkje plass

Du finn søknadsskjema til plass på elevheim herSvar på søknaden blir for skuleåret 2019/2020 sendt ut per e-post 29.juli.

Har du meir enn 3 timar reiseveg mellom heim og skule, eller meir enn 4 mil mellom heim og skule kan du søkje om «borteboerstipend». Dette stipendet er på 4517 kr pr. mnd for skuleåret 2019/2020.

 

Husleige:

Husleiga for skuleåret 2019/2020 er 2750 kr.

Alle som får plass ved Elevheimen får tilsendt husleigekontrakta.

 

Skulestart haust 2019:

Oppmøte på Elevheimen søndag 18. august i tidsrommet kl. 15.00 – 18.00. Etter kl. 18 blir det halde eit kort informasjonsmøte, etterfølgt av «mingling» og pizzakveld. Europris held opent denne søndagen i innflyttingstida om elevane har behov for å kjøpe inn diverse inventar til hybelen.

Du må ta med:

  • Dyne,pute og sengetøy
  • Gardiner
  • Overmadrass (90*200)
  • Signert eksemplar av husleigekontrakta

 

Kontaktinformasjon

  • Sentraladministrasjon: 94506900, setesdal@setesdal.vgs.no
  • Adm.leiar, Åshild Bødal: 48602401, ashild.bodal@setesdal.vgs.no
  • Internatleiar, Venche Lise S. Ramse: 47757100, venche.lise.skomedal.ramse@setesdal.vgs.no