Skolereglement

Reglement for elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skolar i Aust-Agder

Formålet med ordensreglementet er å bidra til godt samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring. Reglementet skal gi reglar om rettar og plikter, åtferd, tiltak overfor elevar som bryt regelverket, og framgangsmåten ved behandling av slike saker.

Fastsett med heimel i opplæringslova av 17.07.98 nr 61, § 3-7 og 3-8.
Vedtatt av fylkestinget 21.02.2000 i Ft-sak 010/00.
Endra av fykestinget i sak 039/03 og fylkesutvalget i sak 038/07

§ 1 Formål

Formålet med ordensreglementet er å bidra til godt samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.
Reglementet skal gi reglar om

  • Rettar og plikter
  • Åtferd
  • Tiltak overfor elevar som bryt regelverket, og framgangsmåten ved behandling av slike saker

§2 Verkeområde

Reglementet gjeld for alle elevar ved skolen i undervisningstida, i fritida på skolen og ved arrangement i og utanfor skolen der skolen har leiing og ansvar.

§ 3 Rettar

a. Eleven har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar.

b. I samarbeid med klassen og  lærarane, har eleven rett til å delta i:

  • Val av arbeids-, opplærings- og vurderingsformer/-metodar
  • Val av lærestoff innanfor ramma av læreplanane 
  • Oppsett av mål, periodeplanar og gjennomføring av desse 
  • Utarbeiding av reglar for godt arbeids- og læringsmiljø i klassen

c. Eleven har rett til å få rettleiing og tilbakemelding i forhold til dei måla den einskilde arbeider etter. Det skal gjennomførast elevsamtalar i samsvar med gjeldande forskrift, dvs. førebudde samtalar mellom elev og klassestyrar, evt. ein annan lærar.

d. Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har eleven rett til rådgjeving, oppfølgjing og hjelp med å finne seg til rette, samt  tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.

e. Skolen skal prøve å hjelpe elevar som får mye fråvær på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller omsorgsansvar (ekstra opplæring, ekstra prøver, sjølvstendig studiearbeid) for å unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag.

f. Eleven har rett til rådgjeving om utdanning og yrkesval.

g. Eleven har rett til å delta i skolevurdering, dvs. løpande vurdering av kor mykje skolen gjennom  organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa bidrar til å nå dei måla som er fastsette for eleven/gruppa/klassen, jfr. m.a. dei generelle og fagspesifikke delane av læreplanverket.

h. Eleven har rett til og bør ta opp med skolen (faglærar, klassestyrar, rådgjevar, skolenleiinga evt. gjennom elevtillitsvalde) ting som ikkje fungerer tilfredsstillande.

Dette kan t.d. vere:

  • At læreplanane ikkje blir følgde.
  • At eleven ikkje får den hjelpa han/ho ber om.
  • Manglar ved det utstyret som blir brukt i undervisninga.
  • Dårleg læringsmiljø eller klassemiljø (t.d. mobbing)


i. Elevane har rett og plikt til å danne elevråd, jfr. § 11-6 i opplæringslova. Elevråd og elevorganisasjonar har etter avtale med skoleleiinga tilgang til å bruke bestemte oppslagstavler til sitt formål. Brukarane har ansvar for at det blir rydda og halde orden på desse tavlene. Det som er fastsett i straffelova om ærekrenking må alle respektere.

Elevar, elevorganisasjonar og politiske ungdomsorganisasjonar kan, etter avtale med skoleleiinga, drive politisk og organisasjonsmessig arbeid på skolen i og utanom skoletida.

Skolen skal leggje til rette for best moglege arbeidsforhold for elevtillitsvalde og tillitsvalde for elevorganisasjonane og også legge forholda til rette for at elevane kan bli engasjerte i politiske og samfunnsmessige spørsmål.
Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skoleleiinga.

§ 4 Plikter

a.  Alle i skolesamfunnet har plikt til å rette seg etter det som er fastsett i gjeldande lov, reglement og instruks.
b. Eleven pliktar å delta aktivt i opplæringa i den forma ho blir gitt.
c. Eleven skal utan ugrunna opphald ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid.
d. Eleven skal følgje verne- og sikringsreglar. Han/ho skal skaffe seg og bruke det arbeidstøyet og verneutstyret som er pålagt i læreplan eller som er fastsett av skolen.
e. Eleven skal skaffe seg lærebøker/lærestoff og halde seg med materiell og utstyr til eige bruk som skolen ikkje held. Pålagt materiell/utstyr eller betaling for dette må ikkje vere i strid med forskrifter frå departementet og vedtak i fylkestinget eller fylkesutvalet.
f. Eleven har sjølv ansvar for sine personlege eigendelar.
g. Skolens eigedom og utstyr skal behandlast med varsemd og omtanke.
h. Elevar som gjennom  arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjent med opplysningar som ikkje skal offentleggjerast, har teieplikt etter §13 - 13 f i forvaltningslova. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

§ 5 Arbeids- og læringsmiljøe

Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnleggjande for god opplæring.
Ein skal derfor leggje vekt på å skape eit godt miljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer mellom alle som er knytte til skolen. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindre åtferd som verkar negativt på miljøet.
a. Alle i skolesamfunnet må opptre omsynsfullt, realt og høfleg, og dei pliktar å motarbeide plaging, mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd.
b. Arbeidsvanane i vidaregåande opplæring skal vere prega av ansvar og orden. Det skal vere eit mål å vere ryddig, punktleg og påliteleg.
c.  Alle i skolesamfunnet pliktar å bidra til god orden over heile skolen - ute og inne. Alle skal respektere oppsette krav til hygiene og helse.
d. Det er ikke lov å røykje på skolens område. Forbodet gjeld også leide områder. 
e. Det er forbode å omsetje eller oppbevare rusmiddel på skoleområdet. Det er også forbode å møte på skolen påverka av rusmiddel.
f. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skoleområdet.
g. Det er ikkje lov å kopiere frå eller endreskolens EDB-programvare eller leggje inn andre program utan løyve frå rektor. Det er heller ikkje lov å bruke skolens internett til å laste ned, lese eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som krenkjande, eller i strid med norsk lov.
h. Mobiltelefon, discman o.l. skal vere avslått i undervisningslokale og bibliotek.
i. Rulleskøyter og rullebrett er ikkje tillate brukt i skolens lokale.
j. Ein skal ikkje ta med kjæledyr på skolen utan særskilt avtale.

§ 6 Oppmøte og fråvær

a. Aktiv deltaking er nødvendig for god læring. Eleven er av den grunn forplikta til å møte presis til kvar time eller kunne vise til avtale med faglærar(ar) eller rektor om ei anna arbeidsform.
b. Dersom ein elev blir sjuk eller av annan tvingande grunn må forlate undervisninga i løpet av skoledagen, skal han eller ho alltid melde frå til klassestyrar/faglærar eller adm.
c. Dersom fråværet ser ut til  å bli over tre dagar, skal skolen ha melding straks.
d. Ingen må forlate undervisningsstaden i undervisningstida utan løyve.
e. Alt fråvær skal førast på vitnemål, delkompetansebevis, årskursbevis og fagkarakterbevis.
Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. For delkurselevar skal fråværet førast berre i enkelttimar. Eleven/kursdeltakaren kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på dokumentasjonen (dvs. vitnemålet, årskursbeviset m.m.), men har sjølv ansvar for å dokumentere årsaka til fråværet.
f. Høgt fråvær kan føre til at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter.
Avgrensa oppover til 14 dagar i skoleåret blir følgjande ikkje rekna som fråvær og bør søkjast kompensert ved eigen innsats tilrettelagt av skolen:
arbeid som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar på regionalt plan eller landsplan arbeid som tillitsvald i elevorganisasjon på regionalt plan eller landsplan dokumenterte lovpålagde oppmøte dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom (to veker eller meir) organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer i andre trussamfunn enn Den norske kyrkja 

For at inntil 14 dagar av dette ikkje skal reknast som fråvær, må eleven levere nødvendig  dokumentasjon til klassestyrar/skoleleiinga.

I særlege tilfelle kan anna fråvær godkjennast etter skriftleg søknad.

g. Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, m.a. skoleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærer eller rektor, blir ikkje rekna som fråvær.

§ 7 Fusk eller forsøk på fusk

Å bruke eller å ha med ikkje tillate hjelpemiddel eller å ha ikkje tillaten kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon blir sett på som fusk. Det same gjeld avskrift av  arbeid gjort av andre og som blir levert som eige produkt.

Fusk eller forsøk på fusk blir sett på som uærlegdom, tillitsbrot og brot på gjeldande reglement og krav til orden og åtferd.

Karakteren på den prøva/dei svara det gjeld, blir annullert. Konsekvensane av dette kan bli at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter. Dermed kan eleven miste retten til å gå opp til eksamen i faget.

Dersom ein elev blir tatt i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal forholdet meldast til rektor/den eksamensansvarlege.

§ 8 Konsekvensar for elevar som bryt skolereglementet

Brott på reglementet vil resultere i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilt tiltak.

Refsingstiltak vil vere:

  • påtale frå ein av dei tilsette ved skolen.
  • utelukking frå klasse/gruppe for resten av timen. Dette avgjer  faglærar.
  • utelukking frå skolen for resten av skoledagen etter avgjerd av rektor eller den han delegerer ansvaret til.
  • Ved alvorlege brot på ordensreglementet, eller dersom negative forhold ikkje betrar seg etter refsingstiltak, kan særskilde tiltak bli sett i verk.

Dette inneber:

  • utelukking av eleven inntil fem dagar etter avgjerd av rektor.
  • utelukking for resten av skoleåret, jfr. Oppl § 3-8 etter vedtak i fylkeskommunen.

Dette kan føre til at eleven i tillegg mister sine rettar som elev etter § 3-1 i same lova.

Tap av rettar som elev fører ikkje til at eleven fell utanfor ansvarsområdet for oppfølgingstenesta. Tiltaka skal protokollerast.

I tillegg til refsingstiltak eller særskilt tiltak kan følgjande vere ein konsekvens av brot på reglementet:

  • Avgrensa tilgang til spesielle aktivitetar ved gjentatte eller alvorlege brot på reglar/retningsliner for slike aktivitetar.
  • Ved skade o.l. på skolens eigedom kan skolen krevje erstatning/reparasjon (jfr. skadeserstatningslova).
  • Brot på reglementet vil bli tatt med i vurderinga når ein skal setje termin- og standpunktkarakter i orden.
  • Før refsingstiltak blir sett i verk, skal eleven ha hatt høve til å forklare seg.
  • Før særskilt tiltak blir tatt i bruk, skal skolen først vurdere behov for og høve til alternative tiltak, t.d. hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt. Eleven skal få tilbod om samtale med rådgjevar eller PPT. Når det gjeld rett til innsyn og klage på ei avgjerd, viser ein  til forvaltningslova, kap. IV - VI. Dersom eleven er under 18 år, skal føresette ha melding.

Klageinstans for vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring er Statens utdanningskontor. For dei andre vedtaka er fylkeskommunen klageinstans.

§ 9 Kontakt mellom skole og heim

Ein skal leggje vekt på å skape kontakt mellom skole og heim.
Sjølv om det blir forventa at eleven sjølv gir den aktuelle informasjonen til foreldre/føresette, bør det bli gitt skriftleg og/eller munnleg informasjon i samband med foreldremøte og elles ved spesielle saker.

Foreldre/føresette for umyndige elevar har krav på formell informasjon om fagleg utvikling og sosialpedagogiske forhold:

  • melding om standpunktkarakterar
  • varsel om fare for ikkje vurdert/ikkje bestått i fag og nedsett karakter i orden og åtferd
  • melding ved gjentatte refsingstiltak
  • nærmare informasjon dersom opplæring/aktivitetar skal skje utanfor skoleområdet.
  • partsrettar i samband med saksførebuing, melding og klage ved særskilde tiltak
    informasjon når eleven får høgt fråvær
  • informasjon om særlege problem i forhold til opplæring/skolegang, medrekna behov for spesialundervisning
  • tilbod om spesialundervisning skal så langt det er mogleg utformast i samarbeid med elev og evt. føresette, og ein skal leggje stor vekt på deira syn
  • informasjon om forhold ved skolen/verksemda som kan ha negativ innverknad på helsa (jfr. § 5 i forskrift om miljøretta helsevern)

Det skal kallast inn til foreldremøte minst ein gong pr. år for dei klassane der elevane er under 18 år.

§ 10 Reglement for bruk av PC

Føremålet med reglementet er å få til god oppfylling av skulen sine mål om å integrere IKT i læringsarbeidet. Reglementet skal vidare vere med å sikre bruk som gje god IKT-tryggleik og som er i samsvar med norsk lov.

Med IKT-tryggleik meiner vi;

  • Konfidensialitet –  bare dei ”rette” personane har tilgang til data
  • Tilgang – data er tilgjengelege når ein har bruk for dei
  • Validitet  – data er korrekte

a. Virkeområde
Reglementet gjeld for all bruk av skulen sine IKT-ressursar. Reglementet gjelder på skulen i undervisningstida, fritid på skulen og ved arrangement i og utanfor skulen under skulen sitt ansvar.
Reglementet gjeld på same måte også bruk av privat utstyr og programvare så lenge dette er kopla til skulen sine IKT-ressursar, og for bruk av programvare lisensiert av skulen som også er installert på privat utstyr.
Med skolen sine IKT-ressursar meiner ein stasjonære og berbare PC-ar, skrivarar, nettverk, læringsplattform, programvare og liknande ressursar.

b. Tilgang til skulen sine IKT-ressursar
Det er ikkje tillate å bruke skulen sine IKT-ressursar utan at det er gitt løyve på førehand. Det å få brukaridentitet, inneber at det er gitt løyve til bruk.
Skulen står for tildeling av brukaridentitet og passord.
Brukartilhøvet varer den tida eleven har skuleplass. Ved avslutta skulegang vil brukaridentiteten bli sletta saman med alt eleven har lagra på skulen sin server og læringsplattform.Eleven er sjølv ansvarleg for å ta kopiar av materiale han/ho ønskjer å ta med seg ved skuleslutt.

c. Generelt om bruk av skulen sine IKT-ressursar
Bruk av skulen sine IKT-ressursar skal i all hovudsak nyttast til arbeid relatert til opplæringa.
Ein elev har plikt til å følgje skulen sine tilvisingar om bruk av IKT-ressursane. Eleven har også plikt til å sette seg inn i brukarrettleiingar, dokumentasjon og liknande, slik at vedkomande ikkje av vanvare risikerer å forstyrre drifta eller tape data, programvare eller utstyr.

d. Sømmeleg bruk og ressursutnytting
Eleven har eit medansvar for at ressursane blir utnytta best mogeleg. Med ressursar meiner ein her tid og kapasitet både for maskinvare, nettverk og personale knytte til verksemda rundt IKT-ressursar i skulen.
Ein elev må ikkje nytte IKT-ressursane til å sette fram ærekrenkande eller diskriminerande uttalar, laste ned, lagre eller formidle pornografi eller opplysningar som er underlagt teieplikt, krenke privatlivets fred eller oppfordre eller medvirke til ulovlege eller reglementsstridige handlingar.
Ein elev må ikkje prøve å oppnå uautorisert tilgang til andre sine data, programvare eller liknande, eller å gjere seg kjent med andre sine passord eller andre tryggleikselement.

e. Datatryggleik
Ein elev må ikkje med vilje vere årsak til at det oppstår driftsavbrot i nokon del av systemet eller på anna måte vere skuld i ulempe for andre.
Ein elev pliktar gjennom tryggleikskopiering og forsvarleg oppbevaring av media (f. eks minnepenn og CD-ROM) sjølv å treffe dei tiltak som er nødvendige for at tap av eigne data, program eller liknande skal få minst mogeleg følgjer.
Ein elev pliktar å ikkje gjere passord eller andre tryggleikselement kjende for andre.
Ein elev pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang til bruk av nettet og skulen sine IKT-ressursar, tilgang til maskinvare eller tilgang til rom der utstyr er tilgjengeleg.
Ein elev pliktar å rapportere forhold som kan ha noko å seie for tryggleiken til IKT-ressursane eller validiteten til skolen.

f. Opphavsrettar
Opphavsretten i Noreg blir regulert av lov om opphavsrett til åndsverk. Praktiske eksempel på åndsverk er tekster, musikk, fotografi, video/film og dataprogram. Retten til bruk av åndsverk tilhøyrer opphavsmannen. Ved bruk av åndsverk som ligg tilgjengeleg på Internett, pliktar eleven å forsikre seg om at bruken er i samsvar med løyve som er gjeve av rettshavar.

g. Skulen har rett til innsyn
Skulen har rett til innsyn i data eleven har lagra på skulen sin server og på læringsplattforma med sikte på: (1) å sikre funksjonaliteten til anlegget, eller (2) ved mistanke om regelbrot kontrollere at eleven ikkje krenker eller har krenkt det som er bestemt i reglementet.

h. Bruk av skulen sin Internettaksess
Skulen har eit sett med reglar som skal følgjast ved bruk av Internett.
Ver ærleg og høfleg.
Tenk over kva du skriv når du er på nettet.
Vis respekt for andre personar, livssyn, nasjon og rase.
Vis respekt for lovverket i eige land, og i land du kontaktar.
Ikkje distribuer pornografisk, voldeleg, rasistisk eller blasfemisk materiale.
Vis respekt for andre brukarar.
Meld frå om du oppdagar noko ulovleg.  
Hugs at også barn bruker datanett og oppslagstavler.
Ei kvar form for kjøp og sal på Internett frå skulen sine maskiner er forbode.
Ei kvar form for bruk av pengespel er forbode.

i. Særskilt for bruk av skulen sine PC’ar
Med mindre anna er avtalt er det ikkje tillate med mat og drikkei dataromma på skulen og ved bruk av berbart PC-utstyr som tilhøyrer skulen.

Det er ikkje tillate å endre eller prøve på å endre grunninnstillinga på maskinen. Dette gjeld både maskinvare og programvare. Dette omfattar også all installasjon av ny programvare. Fagleg relatert programvare skal avklarast med skulen.

j. Sanksjonar
Brot på reglane for bruk av PC kan føre til at eleven blir nekta tilgang til skulen sine IKT-ressursar.
Brot på reglene om personvern, teieplikt m.m. kan føre til erstatningsplikt og/eller straff.
Dei vanlege reglane om disiplinærtiltak mot elevar, jf. ordensreglementet § 8, vil kunne ramme den eller dei som misbruker IKT-ressursane.

§ 11 Særskilde tilleggsreglar for spesielle område

For spesielle forhold som ikkje blir dekte av reglementet eller felles reglar gitt av departementet eller fylkeskommunen, kan skoleutvalet ved den enkelte skolen utarbeide eigne reglar.

Slike reglar kan for eksempel vere for:

  • ordningar i kantina
  • bruk av spesielle lokale og utstyr, medrekna bruk av internett
  • ordensteneste/miljø
  • ekskursjonar
  • orientering om ekstra kostnader
  • parkering
  • internatreglement
  • reglar for skoleavis/russeavis
  • ordning av elevråd, jfr. § 11-6 i opplæringslova
  • reglar for bruk av dataterminalar
  • parkeringsreglar
  • meldesystem ved fråvær
  • etc.

Eit mindretal i skoleutvalet kan anke til klagenemnda for undervisningssaker for vurdering/ godkjenning av lokalgitte tilleggsreglar, før dei blir sett i verk.