Her er teamet samla frå samlinga på Sjusjøen i desember 2009. Bak frå venstre: Tobias Dahl Fenre, Torgeir Skare Thygesen, Markus Moe, Vegar Hattestad Jensen, Svein Halvor Dahl og Arne Post. Framme frå venstre: Thomas Vestbø, Kathrine Rolsted Harsem, Tone Sundvor, Solveig Steinsland, Maiken Caspersen Falla og Ånund Lid Byggland. Tonje Homme og Hilde Lauvhaug var ikkje tilstades på denne samlinga.
I år består laget av totalt 14 utøvarar. Av desse har 10 gått på Hovden Skigymnas. Team Hovden har som mål å hjelpe eldre juniorar og unge senior utøvarar til å bli gode seniorløparar. For Hovden Skigymnas betyr dette laget mykje for elevane sin utvikling. Dei får trent og hausta kunnskap hos etablerte og solide utøvarar med jamne mellomrom, på fellessamlingar utover treningsåret.
Tidlegare løparar som har vært med på Team Hovden er: Odd-Bjørn Hjelmeset, Espen Bjervig og Ola Vigen Hattestad.