Avdelinga ligg i Evje og Hornnes kommune, om lag 6 mil nord for Kristiansand. Saman med elevheimen er skulen med på å skape eit aktivt miljø innan friluftsliv, idrett og kultur. Skulen har rundt 200 elevar, og difor vert lærarane og elevan godt kjende med kvarandre gjennom skuleåret. Dette samarbeidet er ein stor styrke for det gode tilbodet – både sosialt og fagleg. Sjølve skulen ber og preg av rike, faglege tradisjonar.