Desse to, som sidan forrige junior-VM har gått ut frå Hovden Skigymnas og inn på Team Hovden, har hatt ei solid sesonginnledning og reiser denne veka til forberedelsessamling med dei andre uttekne på Spåtind. Ånund var 1 av 5 gutar som vart tatt ut, og var den einaste guten utanfor Roar Hjelmesets sterke juniorlandslag som kom med. Maiken, som er på juniorlandslaget, gjekk alle distansar i fjor og årets uttak av den råsterke jenta frå Fetsund var ikkje noko bombe. Så spørs det kor mange distansar ho får gå i årets junior-VM som skal føregå i Hinterzarten i Tyskland. I tillegg vart troppen til U-23 VM tatt ut, og der vart Kathrine Rolsted Harsem og Hilde Lauvhaug frå Team Hovden funne gode nok. Tar ein i tillegg med at Andrew Musgrave frå Hovden Sportsklubb skal ned og gå junior-VM for Great Britain kan ein trygt seie at Hovden er godt representert.
Heile uttaket med intervju av juniorlandslagstrener og norgesvenn Roar Hjelmeset finn du her