Hovden skigymnas er i veka representert i junior-VM som går føre seg i Tyskland.
Aanund gjekk ein flott prolog og enda på 4. plass, men rauk ut i kvartfinalen og havna til slutt på ein 13. plass. Andrew hadde heller ikkje heilt marginene på si side og var 2 tideler frå å gå vidare frå prologen. Men nokon må også ta til takke med den sure 32. plassen. Maiken hadde heller ikkje nokon god dag i Hinterzarten og enda til slutt på ein 12. plass.
Maiken er no reist heim, grunna sjukdom og Aanund ventar i spenning på om han får gå fleire distansar. Einaste som er sikker på fleire VM-startar er vår skotske ven, som skal klinke til på 10 km klassisk idag og pursuit på fredag. "Jeg gleder meg veldig mye" seier han på gebrokken norsk.
Vi i redaksjonen ønsker han og resten av den norske troppen (som også er representert med Bernt Rusten og Micke Pålsson i leiarteamet) lykke til resten av veka!