Hovden-løparar i toppen på heimebane

Norgescuphelga på Hovden er over. Laurdag var det sprint friteknikk og søndag var det fellesstart klassisk langdistanse. Hovden Skigymnas fekk fleire topp 10 plasseringar.

Bilde av Espen Frorud

Espen Frorud dro til i Myrbakken, og sikra seg 7. plassen i kamp med ein heil gjeng. Her er han avbilda saman med Jørgen Barland som gjorde eit suverent karrierebeste med 26. plass.

Det fantastiske været skapte ei flott ramme rundt norgescuphelga på Hovden. Fredagens skøyterenn viste at mange hadde funne formen, og etter prologen på sprinten var det fleire som fekk vist seg fram. Og sjølv om det gjekk litt stang ut i heata fekk Ånund Lid Byggland ein sterk 4. plass i G19/20. I G18 fekk Sindre Høgset ein 9. plass medan Tone Dalen skøyta seg inn til 10. plass i eldre junior.

Søndag skulle bli brødrene Froruds dag inne på topp ti. Jonas Frorud fekk 10. plass i G18 medan det i eldre junior var Espen Frorud som vart beste Hovdengutt på 3-mila med ein glimrende 7. plass. Rett etter han kom ein uvanleg revansjesugen Anders Bødtker frå Bykle og pigga seg inn på ein 10. plass.

Resultatlistene finn dokke på arrangørens heimeside her


  • Publisert 18. februar 2010
  • Sist endret 18. februar 2010

Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 94 50 69 00
Direkte avd. Valle 94 50 69 50
Direkte avd. Hovden 94 50 69 70
Faks: 37 93 03 65
E-post: setesdal@setesdal.vgs.no

Kontaktinformasjon:

Adresse:
Gymnasvegen,
4737 Hornnes

Webredaktør:

Gitte Klokkervold
Telefon: 94 50 69 03
E-post: gitte.klokkervold@austagderfk.no