Hovden Skigymnas med Team Hovden på samling

Neste sesongs første samling for skigymnaset var på idylliske Sand i Ryfylke. Der fekk vi både god trening og god mat, noko vi trengte når Team Hovden var med på alle øktene.

Team Hovden starta si samling på Hovden mandag, og der var dei inntil fredag då dei sprang over fjellet til Suldal og reiste derifrå vidare til Sand. På Sand var det flott oppvartning på alle måtar på gamle Ryfylke Folkehøgskule. Desse lokala er no brukte til ein vidaregåande skule for toppidrett Volleyball. Vi var også så heldige å bli kjent med nokon av volleyballspelarane, og dei viste oss både fingerslag og baggerslag, i tillegg til dristige variantar som pancake, poke og crocodile. Der var også ei friidrettsbane av høg standard, der vi hovudsakleg øvde på tresteg og 4*100 meter stafett. Søndag morgon reiste vi frå Sand, tok ferja over til Ropeid og hadde oss ei duathlonøkt der vi gjekk klassisk til Sauda og skøyta (padla) opp til Breiborg, som ligg langt over havet. Alle som ikkje ville, måtte.

Av det meir alvorlege slaget delte trenarane ut to æresprisar. Den første gjekk til Team Hovdens Torgeir Skare Thygesen. Han har hatt ein meget god sesong og utvikla seg kraftig i sin første vinter som senior. I tillegg har han bidratt ned mot gymnaset og har vore med Skigymnaset både på fellestreningar og samlingar i haust. Den andre som fekk pris var sjølvsagt vår kjære skotte Andrew Musgrave. Lite ante vi om at gutten med det rødlige håret skulle tilføre skigymnaset så mykje råskap og humør. Han er stort sett alltid i bra humør, og gir 100% på treningsfeltet. For oss vil også Andrew vere gutten som vart juniornorgesmester på 10 km friteknikk i Stryn, med feil statsborgerskap. Vi er glad for å ha med Andrew vidare som ein del av Team Hovden.


  • Publisert 22. juni 2010
  • Sist endret 22. juni 2010

Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 94 50 69 00
Direkte avd. Valle 94 50 69 50
Direkte avd. Hovden 94 50 69 70
Faks: 37 93 03 65
E-post: setesdal@setesdal.vgs.no

Kontaktinformasjon:

Adresse:
Gymnasvegen,
4737 Hornnes

Webredaktør:

Gitte Klokkervold
Telefon: 94 50 69 03
E-post: gitte.klokkervold@austagderfk.no