Hilsenen leser du nedenfor eller i PDF format
Det leikande menneske ……..
Leiken er ein alvorleg ting. Den legg grunnlaget for mang slag kompetanse seinare i livet.
Eitt av dei fremste kjenneteikna på leiken er at den som leikar er motivert av sjølve leiken. Leiken kan nok skifte innhald og omfatte mange slags aktivitetar, samtidig som ein nettopp i leik kan sjå at barn eller til dømes kattar kan halde på i ei evighet med det same om att og om att.
Ta for eksempel apene - Det er gjort undersøkingar hos dei som viser at det krev ein viss sosial kompetanse å leve i ein apekoloni. Ein skal lære seg å leve saman med andre og meistre den kommunikasjonen og oppførselen som er nødvendig.
Undersøkingar viser også at apebarn som ikkje har leika mens dei var små, ikkje berre får problem seinare, men dei kan faktisk vere så inkompetente i forhold til dei sosiale krava i apekolonien at dei ikkje greier å finne seg ein make og formeire seg.
Og menneskebarna er det slik med dei og? Eller kva skal vi med leiken?
Opp gjennom åra har vel dei fleste vore med på ulike leikar og leiker.
Dokker og bilar, rim og rytme, spel av ulike slag, speleautomatar, musikk, teater, fjernsyn, og i desse VM-tider – fotball eller som Stig Dagermann skreiv om 1947 ”Nattens lekar” – og det kan vere så mangt.
Men tilbake til sportens verden.
Tenk så mykje leik og moro det blei av buksene til curlingspelarane under vinter-OL. Dei våga å vere seg sjølve og annleis enn dei andre. Ein leikande stil av seriøse, men samtidig leikande idrettsutøvarar skapte humor og merksemd, glede og positivitet.
Mønsteret i buksene deira heiter harlekin–ruter.
Harlekin er eit anna namn på hoffnarren – klovnen – moromannen – gledespreiaren. Det leikande mennesket!
Klovnen skulle få kongen i godt humør og underhalde. Det skal klovnen den dag i dag anten det er på sirkus eller i andre samanhengar.
Per Inge Torkildsen har faktisk teke yrkestittelen KLOVN, og han lever av å leike. Det same gjer Rune Andresen, som vel dei fleste av dykk kjenner til.
Det beste i livet er gratis, heiter det. Og mykje av leiken er faktisk det. Den blir skapt i møte mellom menneske.
Alle kan ikkje leve av å leike – som desse to - men alle kan leike mens dei lever. Det er bare å våge å gjere det.
Mi oppfordring til dykk alle vidare i livet er:
Bevar det leikande menneske i deg og våg å leike av og til sjølv om du blir vaksen! Då blir livet veldig kjekt.