Eg vil ønskje dykk alle velkomne til Setesdal vidaregåande skule og til eit nytt skuleår. Dette er starten på ein ny epoke innan vidaregåande opplæring i Setesdal, og året blir utfordrande og spennande for både lærarar og elevar. Setesdal vidaregåande skule er ein ny skule organisatorisk, men grunnlaget for skulen ligg i dei tidlegare tre vidaregåande skulane i Setesdal. Frå 1. august 2006 er desse samla under felles leiing og administrasjon. Det blir ei viktig oppgåve for oss alle å skape samhald og finne felles treffpunkt for elevar og lærarar trass i store avstandar mellom avdelingane. Skulen er den lengste i landet med ei utstrekning på 160 km frå nord til sør. Vi har ca. 40 lærarar og 350 elevar innan ulike studieretningar på dei tre avdelingane.
Å starte på vidaregåande utdanning er ein av milepelane i livet. Nokre av dykk blir elevar ved skulen for første gong, medan ein del av dykk har alt gått her eit år eller to og kjenner dykkar avdeling godt.
”Kunnskap skal styra rike og land, og yrket skal båten bera …………….”, heiter det i ei gammal song. Som elevar ved Setesdal vidaregåande skule vil de møte både teoretisk kunnskap og praktisk yrkesutøving, alt etter kva utdanningsprogram de har vald.
De som kjem direkte frå ungdomsskulen, vil nok oppleve at vidaregåande skule er meir krevjande enn grunnskulen. Særleg vil det merkast at det blir forventa at de i større grad må ta ansvar for eiga læring. På same tid kan de påverke opplæringa på ein konstruktiv måte gjennom ulike ordningar og rådsorgan som gjev høve til elevmedverknad. Alle veit at resultata de oppnår, er avgjerande for om de kjem vidare på den utdanninga de ønskjer. Difor er det svært viktig at kvar og ein av dykk gjer sitt beste for å tileigne seg mest mogeleg kunnskap og for å medverke til å skape eit godt skulemiljø. Alle veit at trivsel er ein viktig føresetnad for læring, men då må kvar enkelt av dykk også ta ansvar for felles beste.
Samfunnet treng kunnskapsrike menneske som yrkesutøvarar i eit stadig meir komplisert og utfordrande arbeidsliv. For å ha ei framtid må vi alle vise ansvar og ha respekt for andre. Kvar og ein av oss må gjere vår innsats for fellesskapet og samfunnet rundt oss, men opp i det heile må vi ikkje gløyme å leve og å nyte livet. Det er også nødvendig å drøyme litt av og til – draumar er med på å drive oss framover.
Sjølv om vi som skule tykkjer vi er gode, må vi heile tida arbeide for å bli betre – elles er det ikkje lenge før vi også sluttar å vere gode. For at alle skal få ei positiv utvikling og føle seg verdifulle, må det også vere eit felles ansvar å støtte kvarandre og leite etter gode sider og gode løysingar, i staden for å leite etter feil og manglar. Bry dykk om kvarandre, og våg å vere noko for nokon.
Eg håpar at de alle vil oppleve det komande skuleåret som meiningsfylt i positivt samspel mellom elevar og lærarar. Lykke til med ny skule og nytt skuleår!
Tru på dykk sjølve og på framtida! De er framtida!