Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform for Setesdal vidaregåande skule

Motto: Saman møter vi framtida!

Målsetting: Skulen skal vere ein føregangskule når det gjeld distriktsbasert opplæring der tradisjon og nytenking går hand i hand. Dyktige og engasjerte lærarar skal jobbe for kvalitet i opplæringa. Arbeidet vårt skal vere basert på ansvar, respekt og innsats for å fremme læring og trivsel i eit godt skulemiljø.

Tiltaksplan:

A. Elevmedverknad/elevmiljø:
o Opplæring/kursing av elevrådet
o Rammefaktorar som gjer elevrådsarbeidet mogeleg
o Involvere elevrådsrepresentantane i det daglege arbeidet
o Utvikle elevsamtalane/fagsamtalane – oppfølging av kvar einskild elev (TPO) – stille krav
o Utvikle gode butilbod
o Elevaktivitetar både innan den enkelte avdeling og samla for dei tre avdelingane
o Orientere elevane om kva organisasjonar som finst i kommunen

B. Trygt læringsmiljø

o Nulltoleranse for mobbing
o Jobbe tettare i team rundt dei ulike klassane/elevane
o Arbeide bevisst med karriereplanar
o Godt samarbeid med oppfølgingstenesta (OT)
o Planmessig arbeid for å få til gode elev- og klassemiljø
o Lage gode og inkluderande rammer for alle elevar slik at alle ”blir sett”
o Leksehjelp

C. Gode fagtilbod

o Oppretthalde og utvikle fagtilbodet slik at fleire elevar blir verande i nærmiljøet
o Utvikle og praktisere varierte undervisningsopplegg
o Samarbeid med kommunane og det lokale næringslivet for å få ein tett dialog t.d. om utplassering/lærlingar
o Vidareutvikle fjernundervisning mellom avdelingane
o Vere eit kompetansesenter for nærmiljøet

D. Høg fagleg- og pedagogisk kompetanse

o Arbeide målretta med læreplanmåla
o Samarbeid på tvers av avdelingane
o Kollegabasert veiledning
o Stimulere til fagleg oppdatering/etter- og vidareutdanning
o Fagleg oppdatering
o Lærarar får hospitere i næringslivet

E. Utviklingsorientering

o Arbeide aktivt med internasjonaliseringstiltak
o Auke kompetansen i rettleiinga av minoritetspråklege elevar
o Vere opne for nye undervisnings- og eksamensformer
o Finne gode modellar for Prosjekt til fordjuping(PTF) og Programfag til val(PTV)
o Kontakt med andre skular
o Utvikle IKT-kompetanse


  • Publisert 16. november 2009
  • Sist endret 16. november 2009

Rektor ved Setesdal vidaregåande skule

Pedagogisk plattform i PDF format


Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 94 50 69 00
Direkte avd. Valle 94 50 69 50
Direkte avd. Hovden 94 50 69 70
Faks: 37 93 03 65
E-post: setesdal@setesdal.vgs.no

Kontaktinformasjon:

Adresse:
Gymnasvegen,
4737 Hornnes

Webredaktør:

Gitte Klokkervold
Telefon: 94 50 69 03
E-post: gitte.klokkervold@austagderfk.no