Hylestad-portalane

Ei forestilling med historisk og musikalsk innhald vitjar skuler i Aust-Agder. Tirsdag 13.april kommer den til Risør vgs. Forestillinga spilles i aulaen kl. 12.00. 2STA, 2STB, 3MKA, 3STA, 3STB og 3STP skal være publikum.

Utsnitt av Hylestadportalane

Utsnitt av Hylestadportalane. Foto: Setesdalsmuseet

Historia om Sigurd Fåvnesbane finn ein att i fleire førhistoriske segner og forteljingar som Beowulf og Soga om Volsungane, og Richard Wagner henta her inspirasjon til sitt kolossale operaverk "Nibelungens Ring".

I internasjonale oppslagsverk om vikingtida er det knapt eit einaste som ikkje inneheld eit bilete frå Setesdal. Motiva er utskjeringane i tre på Hylestadportalane frå den gamle, nedrevne stavkyrkja i Hylestad frå 1100 - 1200-talet.

Portalane er eit vitnesbyrd frå ei tid med religionskifte, om overgangen frå vikingtid til middelalder. Utskjeringane visar mellom anna helten Sigurd som smir eit sverd, som han drep draken Fåvne med.

Med utgangspunkt i portalane fortel dei historia om jernalder og tidleg middelalder (800 - 1300-talet) i Setesdal, i næringsliv, religion og kunst, understøtta av ei fargerik digital vising. Produksjonen inneheld musikalske innslag med røter i balladar og instrument frå tidleg middelalder gjennom eit samarbeid med Agder Folkemusikkarkiv og songaren Kirsten Bråten Berg.

Se hvilke skoler som får besøk av Hylestadportalane 


  • Publisert 30. mars 2010
  • Sist endret 8. august 2011

Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 37 14 42 20
Faks: 37 14 43 00
E-post: risor@risor.vgs.no
Org.nr.: 974 573 806

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse:
Sirisvei 8,
4950 Risør

Postadresse:
PB 1025 Randvik,
4955 Risør

Webredaktør:

Andersen, Vibecke L.
Telefon: 37 14 42 31
E-post: vibecke.andersen@risor.vgs.no