Målgruppa til Oppfølgingstjenesten (OT) er ungdom mellom 16 og 21 år og som av ulike årsaker ikkje er i vidaregåande opplæring. I arbeidet for å hjelpe desse ungdomane vidare mot utdanning/jobb har OT ein koordinerande rolle og samarbeider med andre offentleg etatar der NAV er viktigaste samarbeidpartnar. I Arendal har ein to tiltak retta mot OT si målgruppe, Byggkompetanse og YOU (Yrkes- og utdanningskompetanse). Tiltaka er organisert som AMO kurs der NAV står for den praktiske opplæringa, medan fylkeskommunen v/Blakstad vgs står for teoriopplæring. Målsettinga med tiltaka er at deltakerane skal oppnå dokumentert kompetanse som gjev grunnlag for vidare skolegang/lære eller arbeid.
Byggkompetanse har eksistert sidan 90 talet under ulike namn, ulik finansiering (Arendal kommune var med fram til 2005) og med varierande suksess. At det i dag er eit vellukka tiltak har tre hovedgrunnar:
- ”Håndplukka” lærerar som driv tiltaket. Menneska som driv tiltaket, deira motivasjon og evne til å arbeide med desse ungdomane som av ulike årsaker ikkje finn seg til rette i det ordinare skoleløpet for videregåande opplæring. I år har det vore Håvard Forsdal, Gunnar Moen og Steinar Krogstad.
- Entreprenørskap/elevbedrift. Byggkompetanse har sin eiga elevbedrift. . Dei tek praktiske oppdrag som f.eks bygging av garage i Froland, innredning av garage på Bie, bygging av redskapsbod og produksjon av av kassar til Grimstad planteskole. Bedriften er registrert i Brønnøysundregisteret, har sin direktør, økonomiansvarleg osv, dei forhandlar pris på sine produkt og foretar innkjøp. Dei har avtalar om leveransar med tidsfristar for levering. I år har dei vore på to bedriftsbesøk, Hasås bruk i Sandefjord, som er eit høvleri, og på Bygg reis deg i Lillestrøm, som er ei komplett byggvaremesse. Elevbedrifta går med overskot. I år har dei finansiert tur til Hovden og tur til gokartbanen på Evje. Det bør også nemnast at forrige skoleår vart ein del av overskotet bruka til å kjøpe ny sykkel til kursansvarleg Håvard Forsdal, noko betre tilbakemelding frå deltakerane kan ein vel ikkje tenke seg.
- Inntak skjer etter samtale med ungdommen og skal ha klare mål. Frå OT er det Aud Hilmarsdatter Strandene og frå NAV er det NAV sitt ungdomsteam som står for inntak, utarbeiding av handlingsplan og vidare oppfølging, Det vert utarbeidd ein handlingsplan som er tilpassa kvar enkelt. For dei som manglar fag eller delar av fag er to dagar avsett til undervisning, for andre er avklaring og stabilisering det viktigaste før ein kan tenke på utdanning eller arbeid.
Sukksessen kan dokumenterast ved at eitt år fullførte fire med bestått vg1 Bygg-og anleggsteknikk, to fullførte VK1 Byggfag. Dette førde til at tre gjekk ut i lære, fire fekk fast arbeid og fem søkte vidare på skole. I år har 12 ungdomar vore innom kurset, tre stk har gjennomført programfag i VG1 Bygg og Anleggsteknikk, fire stk har søkt Blakstad vgs til neste skoleår, to har fått lærekontrakt, to har fått ordinær jobb og en har fått sommerjobb.
Aud Strandene oppsumerer slik: ”Dei er avhengige av kvarandre, dei må ville noko, jobbe aktivt framover. Evne til å vere kreative for å få bedriften til å gå, og det gjer dei med stor suksess.”