Bygningsvernsenter i Aust-Agder

Aust-Agder fylkeskommune er i gang med eit forprosjekt om etablering av regionalt kompetansesenter for bygningsvern. Strategisk plan for kulturminner og kulturmiljøer i Aust-Agder –”Et godt varp”-, vedteke i 2010, peikar på mange utfordingar i arbeidet med å take vare på bygningsarven i fylket.

Ose Turistheim. Fotograf: Anders Dalseg

Aust-Agder fylkeskommune er i gang med eit forprosjekt om etablering av regionalt kompetansesenter for bygningsvern. Strategisk plan for kulturminner og kulturmiljøer i Aust-Agder –”Et godt varp”- vart vedteke i 2010. Den peikar på mange utfordingar i arbeidet med å take vare på bygningsarven i fylket. Dei flest verneverdige bygningar er ikkje freda. Fylket har 22.000 bygningar over 100 år og ca 1 % av desse blir borte kvart år.  Målet er å etablere eit kompetansesenter som kan gje faglege råd til eigarane av gamle hus, tradisjonshåndverkarar og kommunane. Satsinga er ein del av LUK-satinga (lokal samfunnsutvikling i kommuane) i Aust-Agder. Anders Dalseg er tilsett som leiar i  forprosjektet fram til 1. oktober. Senteret er tenkt å ha ei frittståande rolle  utan forvaltningsansvar.

Badstoge på Rygnestad. Fotograf: Anders Dalseg

HENDINGAR

Seminar for kommunane:

9. juni vert det halde eit seminar for kommuneadministrasjonen. Dette er særleg aktuelt for landbruk-, bygg-,  kultur- og næringsetatane. Det vert informasjon om prosjektet frå fylkeskommunen og prosjektleiar, og innlegg m.a. av Simen Bjørgen, ordførar i Lom.  Sjå elles invitasjon og seminarprogram (lenkje).

Studietur til Oppland og Hordaland:

Ein vil i forprosjektet freiste å sjå kva som er gjort i andre fylke, og hente erfaringar og nyttig informasjon frå andre delar av landet. I midten av mai vart det difor gjennomført ein studietur til Hordaland og Oppland. M.a. besøkte me Norsk Handverksutvikling på Lillehammer og Oppland fylkeskommune. I Hordaland besøkte me også fylkeskommunen og Meland kommune utanfor Bergen. Me såg også på restaureringsarbeid på Bryggen i Bergen.

Nyhetsoppslag:

Setesdølen 6.5.2011

Agderposten 24.5.2011


  • Publisert 27. mai 2011
  • Sist endret 27. mai 2011

Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 37 01 73 00
Faks: 37 01 73 03
E-post: postmottak@austagderfk.no

Org.nr. 943039046

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse:
Aust-Agder fylkeskommune
Ragnvald Blakstadsvei 1
4838 Arendal

Postadresse:
Aust-Agder fylkeskommune
Postboks 788 Stoa
4809 Arendal

Webredaktør:

Eirik Mykland
Telefon: 37 01 73 44
E-post: webredaktor@austagderfk.no