Balansert fordeling av institusjoner på Agder

Kommunal- og regionaldepartementet sier i en pressemelding at regjeringen vil følge Aust-Agder og Vest-Agder fylkesting sine ønsker om en balansert fordeling av statlige institusjoner ved en eventuell fylkessammenslutning.

Her er pressemeldingen i sin helhet:

"Regjeringa vil følgje fylkestinga i  Aust-Agder og Vest-Agder sine ønskje om at ein balansert fordeling av institusjonar mellom dei to fylka skal leggast til grunn ved ei eventuell samanslåing av Agder.

- Viss det etter folkeavstemminga i Aust-Agder til hausten blir vedtak om samanslåing av Agder-fylka, er eg glad for å kunne støtte opp under prosessen ved å følgje fylkeskommunane sine ønskjer når det gjeld lokalisering av statlege institusjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dei to fylkeskommunane blir varsla om dette i brev. Regjeringa og fylkeskommunane har vore opptekne av å avklare dette før folkeavstemminga til hausten.

Når det gjelder NAV spesielt, så skal fylkestingsvedtaka si fordeling vege svært tungt som utgangspunkt for ei balansert fordeling. Fordelinga av personale i gjennomføringsprosessen må likevel ikkje vere til hinder for at personell med rett kompetanse blir lokalisert ut frå omsynet til å ivareta god kvalitet på tenestene til innbyggjarane. Fordelinga av institusjonar mellom dei to fylka skal skje slik at omsynet til effektiv drift og god kvalitet i oppgåveløysninga blir ivareteke på ein god måte.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00."


  • Publisert 20. juni 2011
  • Sist endret 20. juni 2011

Kontaktinformasjon:

Sentralbord: 37 01 73 00
Faks: 37 01 73 03
E-post: postmottak@austagderfk.no

Org.nr. 943039046

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse:
Aust-Agder fylkeskommune
Ragnvald Blakstadsvei 1
4838 Arendal

Postadresse:
Aust-Agder fylkeskommune
Postboks 788 Stoa
4809 Arendal

Webredaktør:

Eirik Mykland
Telefon: 37 01 73 44
E-post: webredaktor@austagderfk.no